Mjuk flyt

Mjuk flyt eller gentleman flow yoga. Her flyt vi mellom valde yogaposisjoner i takt med pusten. Dette er ein trygg og god sekvens med fokus på mobilitet, styrke og balanse - i både kropp og sinn. Denne passar for alle, spesielt for nybegynnere og er ein god start om ein prøver yoga for første gang. 

Stress ned og flytt oppmerksomheita frå haudet til kroppen. Vi startar roleg med oppvarming og avsluttar med avslapping.Etterpå vil du føle deg balansert og full av ny energi. 

Yogaøkta blir gjennomført i det flotte lokalet vårt i tårnet med spektakulær utsikt over fjord og fjell. Timen varer i 60 minutt. Pris kr. 100,- per person. 

Avslappingsyoga

Avslappingsyoga eller restorative yoga. Her har vi fokus på avspenning og å hente seg inn igjen. Vi nyttar eteriske olje, roleg musikk, pute. pledd og blokker for å støtte kropp og sinn inn i ein djup guida avslapping. Vi held posisjonene i 3-15 minutt med fokus på pust, ro og komfort. Gjennom mindfullness og aktiv kvile aktiverer du det parasympatiske nervesystemet, stimulerer til avslapping, kreativitet, fokus, konsentrasjon og velvære. 

Yogaøkta blir gjennomført i det flotte lokalet vårt i tårnet med spektakulær utsikt over fjord og fjell. Timen varer i 60 minutt. Pris kr. 100,- per person. 

Saunarituale

Saunaritualet er eit rituale der vi tek deg med på ei varm reise i saunaen vår med utsikt opp mot fjella. Terapeuten brukar eteriske oljar og lagar varm damp i rommet. Dette for å auke blodsirkulasjon og sette i gang ein renselse av kropp og sjel. Hjarteleg velkomen til 15 herlige minutt saman med oss.

Saunaritualet blir gjennomført i saunaen inne i Union Spa og er inkludert i spa-inngangen.