Velkomen til senka skuldrar og kvalitetstid med familien. Vi står på geledd for å ta imot dei yngste gjestene med eigen barneinnsjekk, leikerom, barneyoga, rebusløp både innandørs og utandørs, aktivitetsrom, barnedisco med live musikk, basseng og barneklubb. Det er kort veg til gode skiløyper, på Korsmyra like ovanfor Ørnesvingen på vegen mot Eidsdal. Kva er vel betre enn å avslutte ein aktiv og frisk dag ute med eit varmt og behageleg besøk i Union Bad & Spa.
Magisk moro med tryllekunstnaren Robin 23.-25. Februar
Helga 23.-25. februar inviterer vi til magisk moro med tryllekunstaren Robin. Det blir mellom anna trylleshow, ballongskule og ansiktsmaling!
Geiranger Lyskunstfestival
Opplev lyskunst i ei av verdas vakraste bygder! Geiranger Lyskunstfestival presenterer lyskunst frå norske og utenlandske lyskunstnarar. Her får du servert både små og store lysinstallasjonar, videokunst og lyskunst projisert på bygningar og natur, musikk og svært god stemning. For meir informasjon sjå www.geirangerlys.no.
AKTIVITETAR I GEIRANGER:
- Flotte skiløyper kun 10 minutt frå hotellet. Her er det også flotte bakkar å ake i. Nistepakke kan du bestille hos oss.
- RIB tur på Geirangerfjorden. Fjordguiding tilbyr ribturar på bestilling. Sjå www.geirangerfjord.no for meir informasjon.
- Gå ein tur i det vakre vinterlandskapet - Vi kan anbefale turen ned Fossevandringa til sentrum av Geiranger.