Velkomen til senka skuldrar og kvalitetstid med familien. Vi står på geledd for å ta imot dei yngste gjestene med eigen barneinnsjekk, leikerom, rebusløp både innandørs og utandørs, aktivitetsrom, barnedisco med live musikk, innandørs og utandørs basseng samt familiebuffet. Det er kort veg til gode skiløyper, på Korsmyra like ovanfor Ørnesvingen på vegen mot Eidsdal. Kva er vel betre enn å avslutte ein aktiv og frisk dag ute med eit varmt og behageleg besøk i Union Bad & Spa.
Meir informasjon om program og aktivitetar vil bli lagt ut etterkvart!
Geiranger Lyskunstfestival frå fredag 14. Februar
Opplev magien i mørketida med Geiranger Lyskunstfestival! Frå 14. Februar til 23. Februar blir Geiranger lyst opp av spektakulære lysinstallasjonar og kunstverk som set naturen i eit nytt perspektiv. Lyskunstutstillinga er open kvar kveld i perioden frå 18.00-22.00 og den er gratis for alle. I tillegg byr dei på eit spennande kulturprogram:
Fredag 14. Februar:
16.30: Opning og kunstnarmøte, Norsk Fjordsenter.
18.00: Offisiell opning av Geiranger Lyskunstfestival og verdspremiere på animasjonsfilmen Beneath the Surface.
Laurdag 15. Februar:
18.00: Konsert med Blåsemafian ombord på MF Veøy - Klikk her for billettar og meir informasjon.
Laurdag 22. Februar:
21.30: Cailini Lua, Irsk folkemusikk-pub på Gildetun.
Søndag 23. Februar:
18.00: Lysvesper i Geiranger kyrkje.
For meir informasjon om Lyskunstfestivalen og dei ulike kunstverka sjå www.geirangerlys.no.
AKTIVITETAR I GEIRANGER:
- Flotte skiløyper kun 10 minutt frå hotellet. Her er det også flotte bakkar å ake i. Nistepakke kan du bestille hos oss.
- Gå ein tur i det vakre vinterlandskapet - Vi kan anbefale turen ned Fossevandringa til sentrum av Geiranger.
- Besøk Norsk Fjordsenter vis a vis hotellet. For opningstider og meir informasjon sjå www.fjordsenter.com.