26. - 28. april

Strikkehelg

Er du glad i å strikke? Kva med ei heil helg ilag med andre strikkeglade, fylt med kreativitet og inspirasjon. 26.-28. april 2024 gjentek vi suksessen og inviterer til ny strikkehelg her hos oss. Det blir lagt opp til ulike foredrag, strikkekurs, samstrikking og sosial strikking i salongen. Program for Strikkehelga:

Program-Strikkehelg2024.png

Her kan du melde deg på dei ulike workshoppane og foredraget: https://hotelunion.pameldingssystem.no/strikkehelga

Kari Gjærum
Kari Gjærum er ein av Noregs mest erfarne songarar og artistar, og var ein av landets mest brukte korister. Ho er utdanna songar og songpedagog ved Austlandets Østlandets Musikk-konservatorium og ved Statens Operaskole, og har vore profesjonell artist sidan 1979. 

Kari debuterte som korist i Melodi Grand Prix i 1979, og har vore med som korist i heile 11 Norske finaler og 5 internasjonale finaler. Ho var blant anna med då Bobbysocks vann i Göteborg i 1985. Ho har medvirka i nærmare 400 NRK-produksjonar, blant anna med eige portrettprogram på NRK, «Vær så god neste!» i 1981. Ho var sjølv deltakar i Melodi Grand Prix i 1989 med sangen «Barneøyne» i lag med Jannecke Øinæs.

Kari er og ein habil strikker, og vi gler oss både til intimkonsert, allsang i lag med henne, StrikkeTerje og Frank Iversen og til å lære litt om hennes strikkehistorie.

Strikke-Terje
Terje har vore ein ihuga strikkeentusiast og hobbystrikker i 50 år i år. Han er utdanna lærer, og gikk og 2 år på husflidskulen der han lærte vev og strikkedesign. Sidan Terje kjem frå Rauma har han alltid vore glad i ullgarnet frå Rauma Ullvarefabrikk. Og Selbuvotter har vore ei særinteresse frå studietida, som har resultert i at han har strikka utallege Selbuvotter samt reist rundt med foredrag om Selbuvotten.

Sjå gjerne innom Facebook sidene hans "Musikk&strikk" eller StrikkeTerje, eller på Instagram-kontoen strikketerje, som er inspirasjonsbloggane hans.

Terje er ikkje berre glad i å strikke, han elska og å synge. Han tek difor med seg svogeren Frank Iversen på gitar til Strikkehelga på Union. Saman byr dei opp til allsang både fredag og laurdag i lag med Kari. 

Frank Iversen
Frank Iversen frå Molde er ein allsidig og spennande trubadur med eit svært oppdatert repertoar. Her får du ei fin blanding av klassikarar du alltid set pris på å høre, samt dei beste låtane som gjer seg gjeldande på radio. 

Frank har turnert som profesjonell musiker i både inn- og utland og er ein svært ettertrakta musiker både som trubadur og bandmusiker i live/studio-studiosammenheng.

Helgepris frå kun kr. 3500,- per person.
Inkluderer overnatting i standard dobbeltrom frå fredag - søndag, frukost, middag, samt foredrag/workshops i henhold til programmet. Klikk på knappen under for å bestille!

Dagpakke kr. 250,- pr dag eller 500,- for heile helga. Dette inkluderer adgang til alle aktiviteter på programmet. Mat og drikke kjem evt. i tillegg. (Dette gjeld for folk som ikkje bur på hotellet denne helga).


Bestill opphald