Helga 28.-30. april inviterer vi til ei helg med fokus på mat og vin frå California. Vi får besøk av Liora Levi, mellom anna kjend som vindama frå God Morgen Norge på TV2, som vil dele all sin kunnskap om amerikanske vinar. Fokuset vil sjølvsagt vere på vinar frå California regionen. Vinane frå denne regionen har ved fleire anledninger vist at dei kan hamle opp med dei aller beste europeiske vinane. Hovedfokuset ligg på Chardonnay, Pinot Noir og Cabernet Sauvignon frå nokre av dei beste produsentane.
Odd Ivar Solvold som har vore matrådgivaren vår sidan 2017 vil også vere med oss denne helga. Han vil sette sitt preg på fredagens 5 retters meny og gi kokkane våre inspirasjon til ein fresh buffet på laurdag. Smakane i California er nokre av dei friskaste som er i landet og er ei samansmelting av smakar frå Mexico, Latin Amerika, Oceania, Spania og middelhavet generelt og ikkje minst aust Asia.