03. - 05. februar

Spa- og sjømathelg

Velkomen til ei helg med fokus på spa og velvære, sjømat og god drikke. Vi får besøk av Odd Ivar Solvold som saman med kjøkkenteamet vårt vil servere ein 5 retters meny fredag kveld. Vinkelnerane våre har satt saman to vinpakkar som passar til dei ulike rettane. Laurdag inviterer vi til champagnesmaking med ein av dei dyktige vinkelnarane våre (kr. 595,- pr. pers.) og på kvelden byr vi på Unionsbuffet med fokus på sjømat. Vår dyktige yogainstruktør Vendela inviterer til ulike yogaøkter i tårnet.

5 retters meny fredag

Grilla og marinerte kamskjel
Avokado, koriander og sitrus

*

Fennikelpollen bakt piggvar Vierge
Potetaioli

*

Kveite steikt i Gremolata skorpe
Kålvekster, confitert lauk, artisjokk emulsjon

*

Brillat Savarin med eple mostardo
Frukt crosstine

*

Sjokolade- og pistasjterte "caramellise"
Multe- og anissorbet

*

Vinpakke 5 glas kr. 795,-
Vinpakke 3 glas kr. 595,-

Union Bad og Spa
Unn deg litt tid til ro og avslapping i Union Spa, nyt blåtimen i det oppvarma utandørsbassenget, len deg tilbake i dei gode lenestolane, ta eit fotbad eller prøv det japanske varmebadet. Denne helga har vi spesialpris på inngang spa til kr. 200,- pr person (ordinærpris kr. 400,-).

Opplev det vakre vinterlandskapet
Gå deg ein tur i det vakre vinterlandskapet. Vi kan anbefale å gå Fossevandringa ned til sentrum, der kjem du tett på den spektakulære Geirangerfossen. 

Afternoon tea
Ønskjer du ein lett lunsj på laurdag tilbyr vi vår tradisjonelle Afternoon Tea i salongen. Pris kr. 475,- pr. person, dette inkluderer te eller kaffi.

Spesialpris frå kr. 1450,- pr. person pr. døgn i standard dobbeltrom.

_TMO9472_E_red.jpg
_TMO2049_E.jpg

afternoon_web.jpg

_TMO2494_E.jpg

ASA_AR288222.jpg

Bestill opphald