31. mars - 10. april

Påske

Påska er eit høgdepunkt for mange. Endeleg tid til å samle alle, både liten og stor, ung og gammal. Fleire generasjonar samla rundt same bord. Samtalar og augeblink som set seg i minnet. Det blir mange kjekke aktivitetar for born. Vi gjentek suksessen frå tidlegare med barneklubb, barnedisco, rebusløp inne og ute, aktivitetsrom og barneyoga. Barna får ein overraskelse ved innsjekk. Påskehelga får vi besøk av Magiske Robin som vil underhalde barna med trylleshow, trylleskule, ballongskule, ansiktsmaling m.m. 

Program for palmehelga med show og kurs med Ålesund Sportsdrill.

Program for påskeveka - Show med Alexx Alexxander og magisk moro med Robin

Påskekampanje familiepakke utvalde datoar frå kr. 2990,-.
Prisen gjeld overnatting i 1 natt for 2 vaksne og 2 barn, inkludert frukost, middag og inngang Union Bad. Kampanjepriser gjeld eit begrensa antal rom, så ver rask med å sikre deg denne prisen.

IMG_6038.jpg

Palmehelga - Show og kurs med utøvarar frå Ålesund Sportsdrill

Palmehelga 31.mars - 2. april får vi besøk av Ålesund Sportsdrill med Malene Skogetrø Olsen og Agnes Marie Warberg som vil opptre for oss laurdag 1. april. Dei vil opptre både som par og solo. I tillegg inviterer dei alle barn til kurs på dagen på laurdag. 

Program for palmehelga.

Robin.jpg

Magisk moro med Robin

Frå onsdag får vi besøk av magiske Robin! Det blir trylleshow, ansiktsmaling, ballongkurs og anna magisk moro! 

_Z9S4023.jpg

Show med Alexx Alexxander laurdag 8. april

Opplev illusjonist Alexx Alexxander hos oss på Hotel Union på påskeaften. Ei uforgløymeleg oppleving for heile familien med magi i verdsklasse! Dette blir ein kveld dykk garantert ikkje kjem til å gløyme! Alexx Alexxander har motteke dei aller høgste utmerkelsene ein kan få innen magi i verda, og gjer show over heile verda! No står også Geiranger på planen! Magisk velkomen!

Vårstemning
April er ei fin tid i Geiranger, våren har så smått meldt sin ankomst nede i bygda, medan oppe på fjellet er det framleis vinter og gode moglegheiter for å gå på ski. Geiranger Idrettslag preparerer flotte skiløyper med startpunkt på Korsmyra. Der kan du enten velge å gå ei kortare løype til Haugsetsætra - her får du spektakulær utsikt mot fjorden og ned mot Geirangerbygda, eller du kan velge å gå innover Gråsteindalen, her strekker skiløypene seg langt innover dalen. Nede i bygda har butikkane og serveringsstadane vakna frå "vinterdvalen". Vi kan varmt anbefale å gå den spektakulære Fossevandringa ned til sentrum.

hotel_union_geiranger_vinter_tonemolnes_2018_TMO6189.jpg


Turmoglegheiter

Er du ein av dei som er lei av ski og heller ønsker å gå tur utan ski? Geiranger har mange flotte turar å by på. Vi kan varmt anbefale å ta turen opp "Mørkja" til Vesterås. Turen startar rett bak parkeringsplassen til hotellet og er godt skilta heile vegen. Avhengig av snøforholda så kan du også gå vidare frå Vesterås mot Vesteråsfjellet eller opp til Storsæterfossen (anbefalast ikkje om det fortsatt er mykje snø). I denne artikkelen finn du fleire gode tips til turar du kan gå: https://www.hotelunion.no/arti...

Vesteråsfjellet_web.jpg



Prisar

Prisane under gjeld pr. rom pr. natt, prisane i parantes gjeld ved overnatting i 2 netter eller meir. 2 døgnsprisane er ikkje tilgjengeleg på nett - ring oss eller send e-post til booking@hotelunion.no for å bestille.

Palmehelga FredagLaurdag
2 vaksne3550 (2990)4040 (2990)
2 vaksne og 2 barn3590 (2990)4100 (2990)
2 vaksne og 1 barn3100 (2540)3650 (2540)
1 vaksen og 1 barn2225 (1945)2500 (1945)
1 vaksen og 2 barn2675 (2395)2950 (2395)
1 vaksen og 3 barn3125 (2845)3400 (2845)
2 vaksne og 2 barn i 2 rom4740 (4180)5290 (4180)
2 vaksne og 3 barn i 2 rom5190 (4630)5740 (4630)


Midtveke 
2 vaksne2990
2 vaksne og 2 barn2990
2 vaksne og 1 barn2540
1 vaksen og 1 barn1945
1 vaksen og 2 barn2395
1 vaksen og 3 barn2845
2 vaksne og 2 barn i 2 rom4180
2 vaksne og 3 barn i 2 rom4630


Påskehelga TorsdagFredag og LaurdagSøndag
2 vaksne4040 (3550)4040 (3550)2990
2 vaksne og 2 barn4040 (3590)4100 (3590)2990
2 vaksne og 1 barn3650 (3100)3650 (3100)2540
1 vaksen og 1 barn2500 (2225)2500 (2225)1945
1 vaksen og 2 barn2950 (2675)2950 (2675)2395
1 vaksen og 3 barn3400 (3125)3400 (3125)2845
2 vaksne og 2 barn i 2 rom5290 (4740)5290 (4740)4180
2 vaksne og 3 barn i 2 rom5740 (5190)5740 (5190)4630
_1257460.jpg



Bestill opphald