15. - 17. desember

Julemarknad og mini-julekonsert

Helga 15.-17. Desember avsluttar vi julebordssesongen med ei litt ekstra spesiell julebordshelg. Fredag byttar vi ut julebordet med ein 5 retters julemeny. Laurdag blir det både julemarknad, mini-julekonsert og Unions store julebord på kvelden. 

Julemarknad i Geiranger sentrum laurdag frå 13.00-16.00
Eidsdal Musikkorps spelar stemningsfull julemusikk i gågata.

Lyseprosjekt18.12.2022-StephaniesStories-137.jpg

Foto: Stephanies stories

Salsboder i gågata:

  • Lingebakken - Heimelaga sylte, eplemost og sider
  • YSTE-Kilsti Gard - Kjekjøtrull, skinn
  • Milena Czajkowaska - Keramikk og såpe
  • Tonje Nørstrud - Handverksarbeid
  • Geiranger Bryggeri
  • Geiranger Honning 
  • Eidsdal Skulekorps - Handverksprodukt
  • "Polengruppa" ved Geiranger skule - Vaffelsalg

Butikkar/restaurantar som held ope:

  • Brasserie Posten - Ein bugnande julebutikk med mellom anna heimelaga røykt ørret, karameller og diverse julesnacks. 
  • Havila Hotel Geiranger - Heimelaga julekaker.
  • Fjordbuda - Gode tilbod på sportsklede m.m.
  • Norsk Fjordsenter - 20% på Geirangerfjord genseren, utstilling og kafé.
  • Raudebuda

Grilling av marshmellows og servering av gløgg, og kanskje dukker Julenissen opp?

Mini-julekonsert på Hotel Union
Laurdag ettermiddag inviterer vi til min-julekonsert med lokale aktørar kl.18.00 i salongen på Hotel Union.

Fjordcruise Ålesund-Geiranger
Reis fjordvegen inn til Geiranger denne helga. Geiranger Fjordservice tilbyr knallpris på båttur tur/retur Ålesund/Geiranger til kun kr. 880,- per person. For rutetider og bestilling av billett sjå: https://www.visitgeiranger.com/fjordcruise-alesund-geiranger

Julelunsj søndag 17. Desember
Tradisjonen tru inviterer vi til stor og bugnande julelunsj søndag 18. Desember frå kl 13.00 - 15.00. Meir informasjon om denne finn du her: Julelunsj

Bestill opphald