Kvar fredag og laurdag frå 17. november byr vi på vårt tradisjonelle og populære julebord med stor og bugnande buffet med eit rikt utval av både varme og kalde retter. Etter middag byr vi opp til dans til levande musikk. Nyt helga med bad, spa og spektakulær natur! Ønskjer du tips til ulike aktivitetar og opplevingar i Geiranger så har vi samla våre beste tips under. Samle vennegjengen, firmaet eller familien til ei avslappa førjulshelg i Geiranger.
Førjulstid i Geiranger
Verdival for mat og drikke
Vi på Hotel Union i Geiranger legg sjela vår i å gi deg den aller beste mat og drikke opplevinga gjennom valga våre. Vi vel til ei kvar tid dei beste råvarene som sesongen byr på frå området vårt og kombinerar desse med smakar frå fjern og nær. Vinkelnerane våre set saman vinpakkar og drikkeanbefalingar og dei har til ein kvar tid pulsen på kva som er drikkeklart og tilgjengeleg no. Vi verdsetter tradisjon og innovasjon i tankesettet vårt slik at du som gjest skal kunne lene deg tilbake og nyte kjende smakar samtidig som du blir tatt med på nye opplevingar. Etter eit godt måltid inviterer vi opp til dans i underetasjen.
Aktivitetar og opplevingar
Ønskjer du å samle gjengen til ein felles aktivitet under opphaldet? På hotellet tilbyr vi vinsmaking med ein av dei dyktige sommelierane våre, aperitif og historieforteljing i veteranbilgarasjen eller ro og avslapping i Union Bad & Spa.
Julens smaksmeny fredag 15. desember
Kjøkkenteamet vårt set saman ein 5 retters smaksmeny med innslag frå fjern og nær to fredagar under julebordsperioda. Vi forenar moderne og tradisjonelle smakar og tanker med gode råvarer frå sjø og land. Menyen blir bygd opp med fisk, skaldyr, vilt, oster og søte saker til ein heilaftens meny. Vinkelnerane våre lagar til vinpakkar som passar perfekt til maten der den eine er eit tradisjonelt val og den andre utfordrar med nye tankar.
Førjuls Afternoon Tea
I førjulstida serverer vi Afternoon tea i salongen. Du kan lene deg godt tilbake i ei av sitjegruppene og nyte. Kjøkkenteamet vårt har satt saman ein tradisjonell Afternoon Tea med små søte og salte munnfuller, som gir ein smak av tradisjon om moderne tankar. Vi nyttar dei beste råvarene etter sesong for å gi ei smakfull og tilbakelent oppleving. For å toppe det heile serverer vi te frå utvalgte produsent eller kaffi for den som ønskjer det. Til dei minste som ikkje drikk te eller kaffi serverer vi heimelaga bærsaft.
Union Bad & Spa
Hotellet har eiga bad & spaavdeling. I bassengavdelinga finn du 3 basseng – eit innandørsbasseng, eit barnebasseng og eit oppvarma utandørs terapibasseng. Her finn du óg sauna og avslappingssenger. Alle gjester som bur på hotellet har fri tilgang til bassengavdelinga. I Union Spa er det rom for å senke skuldrane og roe ned. Her finn du store flotte avslappingsstover, ulike saunaer, fotbad, japansk varmebad m.m. Delta på saunaritualet vårt som er eit rituale der vi tek deg med på ei varm reise i saunaen vår med utsikt opp mot fjella. Terapeuten brukar eteriske oljar og lagar varm damp i rommet. Dette for å auke blodsirkulasjonen og sette i gang ein renselse av kropp og sjel. Ta med kollegaen og nyt ei avslappande stund i Union Spa. Søndag er ein god dag til å slappe av i spa før heimreise. Behald rommet utover dagen og få litt ekstra ut av opphaldet. Vi kan varmt anbefale ei velgjerande spabehandling med ein av dei dyktige terapeutane våre. Nyt ein god lunsj i ein av restaurantane før heimreise.
Aktivitetar og opplevingar i bygda
Butikkar og serveringsstader i sentrum av Geiranger held ope i helgene. Vi kan varmt anbefale å gå den flotte Fossevandringa ned til sentrum, gjerne med eit besøk innom Norsk Fjordsenter på vegen. Fjordguiding tilbyr ribturar på fjorden på førespurnad heile året. Ei frisk og spektakulær oppleving på vinterstid med frosne fossefall og bratte fjellsider. Du får utdelt ei god og varm drakt så du held deg god og varm gjennom heile turen.
«Kønnjøl og neip»
Geiranger har lange ølbryggingstradisjonar og i gamle dager var det tradisjon å samlast rundt bålet for å smake på brygget og «neipe» pinnekjøt (grille pinnekjøt på bålet). I samarbeid med Geiranger Bryggeri tilbyr vi ølsmaking og neip rundt bålet for grupper på førespurnad.
Rattkjelke og truger Når forholda ligg til rette for det med isdekke på vegen låner hotellet ut rattkjelkar. Her i Geiranger har vi tradisjonar for å gå opp til Flydalsjuvet og ake heile vegen ned til hotellet igjen med rattkjelke. Ein svært morosam aktivitet som verkeleg hentar fram barnet i deg! Norsk Fjordsenter leiger ut truger og akebrett til den som ønskjer det. For fleire tips til vinteraktivitetar i Geiranger sjå https://www.geirangerfjord.no/...
Velkomen til ei triveleg førjulshelg i Geiranger.