10. - 12. mars

Jentehelga 2023

Datoane for Jentehelga 2023 er klar - 10.-12. mars er det klart for aktive og kjekke dagar her i Geiranger! Samle venninnegjengen til ei sosial helg med mange kjekke aktivitetar - ulike treningsøkter, spa, hudpleiekurs, hudanalyse, god mat og drikke! Sett av datoen allereie no! Meir informasjon om program kjem etterkvart! 

Nokre smakebitar frå programmet:

Trening og livsstil med Desiree Andersen @fitfocus

IMG_1515-3_red.jpg

Desiree Andersen, kjent som @fitfocus på Facebook/Instagram har i fleire år inspirert nordmenn til eit sunnare liv med kostholds- og treningsveiledning. Ho har og gitt ut fleire bøker innen temaet. Mottoet er at det skal vere lett å leve sunt! Under jentehelga vil ho ta oss med på ulike spennande og morosame treningsøkter og foredrag! Alle treningsøktene blir tilpassa deg og ditt utgangspunkt så dei passar for alle! Det blir trening både ute og inne. 

Mote og stil med Marianne Jemtegård

Skjermbilde-2014-08-25-kl.-22.14.23-550x320.png

Marianne Jemtegård er kjent frå God Morgen Norge på TV2. Under Jentehelga kjem ho til oss for å inspirere og veilede innen mote og styling. Det blir mellom anna individuell stilveiledning og foredrag om mote og stil. Marianne er også ein av Noregs mest populære DJ og på kvelden skapar ho god stemning med musikk.