Førjulstida er ei hektisk tid. Då er det viktig å finne rom for små pustepausar og tid til å pleie kjærleiken! Helga 15.-17. Desember inviterer vi alle turtelduer til ei romantisk førjulshelg i vakre Geiranger for å finnekvilepulsen og lade opp til siste innspurten før jul. Nyt ei avslappa helg med god julemat, vakker natur, spa,velvære og ikkje minst kvalitetstid med kvarandre! Pakken inkluderer overnatting i oppgradert rom medfjordutsikt, inngang til Union Bad & Spa under opphaldet, sjokolade og bobler på rommet ved ankomst,5 retters julemeny fredag kveld og Unions store julebord laurdag kveld, samt frukost begge dagar.
Laurdag blir det julemarknad i sentrum i Geiranger, og laurdag ettermiddag inviterer vi til mini-julekonsert i salongen på hotellet.
Tips til aktivitetar og opplevingar:
Nyt blåtimen og sjå på stjernene frå det oppvarma utebassenget, er du ekstra heldig så kanskje du får oppleve nordlyset! Ved sjeldne høve kan ein sjå nordlyse danse over fjella ute i fjorden.
Nyt ein god frukost i Union Spa.
Ta med ei god bok og len deg godt tilbake i ein av dei gode liggestolane i Union Spa.
Litt frisk luft gjer godt! Gå den spektakulære fossevandringa ned til sentrum.
Besøk dei populære fotopunkta Flydalsjuvet og Ørnesvingen - ein selfie i lag med din kjære er eit must!
Ønskjer du å oppleve Geirangerfjorden i vinterdrakt så tilbyr Fjordguiding ribturar på førespurnad heile året! https://www.visitgeiranger.com...
Reis fjordvegen inn til Geiranger. Denne helga tilbyr Geiranger Fjordservice vinterfjordcruise frå Ålesund til Geiranger. For tider og prisar sjå: https://www.visitgeiranger.com...
Dette er inkludert i pakken:
Overnatting i rom med fjordutsikt
Inngang til Union Bad & Spa under opphaldet
5-retters julemeny fredag kveld
Unions store julebord laurdag kveld
Frukost begge dagar
Sjokolade og bobler på rommet ved ankomst
Pris kr. 4190,- per person. Prisen gjeld for 2 døgn