Union Bad og Spa
  • language

  • Developed by Eyego

    Veteranbilutstilling

    Mange av dei flotte bilane som vart brukt til å vise turistane rundt i Geiranger på 1920- og 1930-talet er framleis i bra stand. Etter særskild avtale kan bilane leigast med sjåfør til korte turar. Alle bilane i utstillinga har si eiga spesielle historie. Ein av bilane er utstilt i resepsjonsområdet, medan åtte andre årgangsbilar utgjer veteranbilmuseet. Ei unik veteranbilutstilling der du kan finne følgjande modellar:

    Studebaker President
    Årsmodell: 1932
    Motor: 8 sylinder, rekke 120 hp
    Noverande eigar: Karl Mjelva
    Tidlegare eigarar: ”Dalelaget”: Ole Elias Mølseter, Nils Ørjasæter, Jon Ørjasæter, Andreas Ørjasæter, Rasmus Oplenskedal. Bilen vart kjøpt til Geiranger i 1933 og seld i 1961 til Opsvik på Stranda. Den vart delvis restaurert. I 1991 vart bilen seld tilbake til Geiranger og noverande eigar. Bilen er svært sjeldan og, i følgje Studebaker Club of America, den einaste attverande i verda av denne modellen, som framleis går.

    Buick
    Årsmodell: 1932
    Motor: 8 sylinder, rekke 114 hp
    Noverande eigar: Karl Mjelva
    Tidlegare eigarar: Oscar Knivsflå, Martin Knivsflå, Ingolf Møll, Olav Møll, Peder Knivsflå, Christian Frøysa, B. Møll, Ole Gabriel Homlong, Tore Homlong og Livius Møll.
    Importert brukt frå USA i 1934. Bilen vart i 1958 seld til Hotel Union, og var den første bilmodellen som hadde synkronisert girkasse. Det vart laga 125 stk. av denne bilen i 1932. 3-4 stk. vart seld til Noreg, og av dei eksisterer faktisk 3 stk. i dag. Denne bilen vart brukt til å frakte turistar opp til Dalsnibba heilt fram til 1965. Bilen vart restaurert i 1975.

    Nash
    Årsmodell: 1931
    Motor: 8 sylinder, rekke 115 hp
    Noverande eigar: Karl Mjelva
    Tidlegare eigarar: Gamle skysslaget (31 hesteeigarar)
    Denne bilen vart kjøpt ny til Geiranger i 1931 og seld til USA i 1965. Eigaren i USA var Mr. Jacobs i Wagontown D.A. Etter mange års søk, vart den funnen hjå dottera til Mr. Jacobs. Bilen vart kjøpt tilbake til Geiranger hausten 2000. Bilen er ikkje restaurert, lakken er original og ein kan godt sjå logoen til Geiranger Skysslag på sidene. Bilen er også original innvendig.

    Cadillac type 57
    Årsmodell: 1919
    Motor: V 8, 80 hp
    Noverande eigar: Karl Mjelva
    Tidlegare eigarar: ”Møllsbygdlaget” og Hotel Union
    Bilen er samla saman av delar frå mange bilar. Forstilling og høgre framskjerm kjem frå bilen som var på Hotel Union, med reg. nr. T-986. Resten kjem frå ein Cadillac som tilhøyrte ”Møllsbygdlaget”. Bilen var ferdig restaurert av Jon Rosenlid, som også var eigar, den 30.10.98.

    Studebaker
    Årsmodell: 1925
    Motor: 6 sylinder, rekke, 75 hp
    Noverande eigar: Karl Mjelva
    Tidlegare eigarar: ”Møllslaget” Oscar Knivsflå, Martin Kvisflå, Ingolf Møll, Olav Møll og Peder Knivsflå
    Kjøpt litt brukt frå Oslo til Geiranger i 1962. Bilen gjekk i skysstrafikk fram til 2. verdskrigen, og har sidan den gongen stått parkert. Denne bilen vart seld i 1963, frå Geiranger til Bård Hole på Stranda. Bilen har vore på Stranda fram til noverande eigar kjøpte bilen tilbake. Bilen har delteke i fleire billøp rundt om i Noreg, og bilen er delvis restaurert. I møterom “Buick” kan ein sjå bilete av bilen i bruk. Noverande eigar kjøpte bilen tilbake til Geiranger hausten 1999.

    AA Ford
    Årsmodell: 1930
    Motor: 4 sylinder, 40 hp
    Noverande eigar: Karl Mjelva
    Tidlegare eigar: Hans Mjelva
    Kjøpt ny i 1930 av Hotel Union ved Hans Mjelva. Køyrde i Statens Vegvesen fram til1937. Historia sidan er ukjent. Kjøpt tilbake i 1991 og restaurert i 2003.

    Hudson
    Årsmodell: 1922
    Motor: 6 sylinder, rekke
    Noverande eigar: Karl Mjelva
    Tidlegare eigarar: Oscar Knivsflå, Martin Knivsflå, Ingolf Møll, Olav Møll og Peder Knivsflå.
    Importert brukt frå USA til Geiranger. Denne bilen vart ”skrota” i 1950. I 1964 vart det som var igjen av bilen, og andre Hudsonbilar, samla saman og gitt vekk til Jagård i Oslo, som etter enda nokre år, fekk delar nok til å få bilen i køyrbar stand. Noverande eigar kjøpte bilen tilbake til Geiranger i 1993. Det var 7-8 Hudson i Geiranger omkring 1925. Hudson var ein god bruksbil med stor motor til en rimeleg pris.

    Mercer Touring
    Årsmodel: 1918
    Motor: 4 sylinder, 70 hp
    Noverande eigar:   Karl Mjelva
    Tidlegare eigarar: «Møllsbygdlaget»
    Sjafør: Ingebrigt Møll
    Bilen vart kjøpt av «Møllsbygdlaget» i 1926 og brukt i turistkøyring fram til 1937, då han vart seld utanfor Geiranger. Mercer var eit eksklusivt bilmerke, med ein prislapp på USD 4 000 i 1918. Dette tilsvara 8 T-Fordar. Bilen har 4 gir, som var uvanleg på den tida, og ei garantert toppfart på 120 km/t. Noverande eigar kjøpte bilen i 1998. Bilen vart restaurert av Wallentins Restaureringsverksted i tida 2005–2013.

     

    6216 Geiranger, Norway, +47 70 26 83 00, geiranger@hotelunion.no, Kontakt oss

    Gåvekort 

    Gåvekort

    Konferanse 

    Konferanse

    Rom på Union 

    Rom på Union

    Standard N

    Standard

    Rom med fjordutsikt 

    Rom med fjordutsikt