Union Bad og Spa
  • language

  • Developed by Eyego

    Spa etikette

    Slik ønskjer vi at gjestene våre skal nyte Union Spa

    Stille og ro er sjølve ramma for god og djup indre reinsing. Derfor spelar atmosfæren i spa-avdelinga vår ei viktig rolle. Aldersgrensa er 18 år, men som forelder kan du ta med deg barn ned til 16 år.

    Unn deg litt tid åleine

    Ta deg ei stund for deg sjølv, før du startar sjølve behandlinga. Ein symjetur inne eller ute er god avkopling. Eller kanskje ein reinsande sauna, eit japansk varmebad eller opplevingsdusjar. Dette varmar opp både kropp og sjel. På den måten får du maksimalt ut av behandlingane. Etter behandling eller besøk i saunaområdet, anbefalar vi ei god stund i avslappingssonene våre. Her kan du kvile deg ut, sove, lese, eller få lett servering.

    Korrekt kledd

    Alle våre spagjester får låne gode, mjuke badekåper og badetøflar som vi ber alle spagjester nytte ved eit besøk i Union Spa. I våtrom og sauna er det krav om badetøy. Bruk badekåpa og tøflane når du oppheld deg i avkoplingssonene. Smykke og private eigedelar kan du oppbevare i dei låsbare garderobeskapa. Dei fleste kroppsbehandlingar og massasjar blir gjennomført med undertøy/badetøy. Eingongsundertøy er òg tilgjengeleg. Eingongsundertøyet kan anbefalast for behandlingar som set farge.

    Handkle

    Du får utdelt handkle i sparesepsjonen til bruk i garderobane. Ytterlegare handkle finn du inne i Union Spa, og av hygieniske omnsyn, ber vi om at disse blir nytta ved besøk i sauna, dampbad og på varmebenk. I avslappingssonene tar vi av vått badetøy eller brukar handkle i liggjestolane. Hotellet er serti•sert miljøfyrtårn, og vi håpar at du også tek omsyn til miljøet.

    Møt i god tid

    Eit besøk i Union Spa skal vere avslappande og utan stress. Har du reservert behandling, tilrår vi deg å møte opp ca. 30 minutt før behandlinga byrjar. Då har du god tid til å skifte, prøve varme- og vassopplevingane våre, og gjere deg klar. Skulle noko gjere at du kjem for seint til avtalt behandling, vil behandlingstida bli innkorta tilsvarande i respekt for den neste som har avtalt behandling. Drikk alltid godt med vatn før behandlinga startar.

    Bli kjent med Union Spa

    Alle som besøkjer Union Spa får tilbod om omvising for å bli betre kjent med produktet. Om du ønskjer omvisning i Union Spa, utan å måtte ha på badekåpe, kan du førehandsavtale omvisning til utanom opningstid.

    Gode råd

    Før alle behandlingar tek til, tilbyr vi deg ein konsultasjon med ein av våre terapeutar om kva som er viktig for deg, for å få den beste spaopplevinga. Eventuelle plagar, allergiar eller anna ubehag, som kan vere avgjerande for resultatet, er viktig å få informasjon om. Slik kan vi ta omsyn til dine ønskjer og behov, og du får maksimalt ut av behandlinga. God kommunikasjon er nøkkelen til ei god behandling.

    Avkopling og sunne måltid

    Velværeavdelinga har feire avkoplingssoner der du kan nyte fullstendig ro før og etter behandlingane, alt etter kva behov du har. Kanskje føretrekk du å kople av med ei bok frå biblioteket, lukke auga i mjuke liggestolar, nyte roa i det stille rommet, meditere til utsikta eller ete eit lett og sunt måltid. Den beste spaopplevinga får du når magen er sånn passe mett, spesielt når du tek behandling.

    Vi anbefaler at du drikk mykje av det reine og gode vatnet vårt både før, under og etter spabesøket. Vatn er spesielt viktig når du oppheld deg i saunaområdet. Du kan ete og drikke godt i Kafè Løsta frå ein meny sett saman av friske og sunne råvarer. Nokre vel å nyte den vakre utsikta frå peisstova til ein kopp vellaga te. Ønskjer du å sove lenge, serverer vi enkel kontinental frukost nettopp her, i tida mellom kl 09.00 og kl 12.00. Frukt står tilgjengeleg heile dagen. Ta gjerne kontakt med sparesepsjonen om du ønskjer lunsj eller drikke servert i avslappingsromma.

    Barbering

    Ei god ansiktsbehandling blir betre med glatt hud, og vi tilrår at eventuell barbering blir gjort 5-6 timar før behandlinga startar. Ønskjer du den spesielle, avslappande kjensla vår kroppsbehandling i den tyrkiske hamamen gir, tilrår vi at barbering blir gjort dagen før.

    Behandlingar for to eller fleire

    Det er alltid hyggeleg å dele ei positiv oppleving med andre. Vi har ulike behandlingar der to eller fleire kan vere saman. Du kan lese meir i spamenyen om moglegheitene for å dele litt luksus og lykke.

    Avbestilling

    Vi ber om at avbestilling av spabehandlingar skjer minst 24 timar før behandlinga skal byrje. Ved avbestilling seinare enn det, blir behandlinga belasta 100%.

    Mobiltelefonar

    Ei spa-oppleving skal redusere stressnivået gjennom avslapping og stille. Mobiltelefonar set vi på lydlaust, og legg dei i garderobeskapet før vi går inn i Union Spa.

    Fotografering og filmopptak

    Eit opphald i spa-avdelinga skal vere ei privat oppleving. Vi ønskjer at gjestene våre skal kunne nyte den gode stunda utan å bli forstyrra av fotografering eller •filming.

     

    6216 Geiranger, Norway, +47 70 26 83 00, geiranger@hotelunion.no, Kontakt oss

    Gåvekort 

    Gåvekort

    Konferanse 

    Konferanse

    Rom på Union 

    Rom på Union

    Standard N

    Standard

    Rom med fjordutsikt 

    Rom med fjordutsikt