Union Bad og Spa
  • language

  • Developed by Eyego

    SPA-filosofi

    Ro i sjela er ein god start på vegen mot ei kjensle av lykke.

    Omgjevnadene påverkar deg meir enn du trur. Samvær med naturen ladar opp kropp og sinn med ein energi du kan leve lenge på. No inviterer vi deg inn i eitt av dei vakraste landskapa i verda. Utsynet over Geirangerorden og fjella rundt. Lyden av fossebrus. Klar, rein luft. Alt saman er med på å skape indre fred og å la tankane flyte fritt. Når du har funne ro og stille, er vegen kort til djupt, indre velvære. Harmoni og velvære veks fram innanfrå. Fred, ro, vatn og urter reinsar kropp og sjel, og kan gi deg den gode kjensla av å vere nøgd. Både sjølve spa-behandlinga, romma det skjer i og nærleiken til naturen utanfor tek deg ut av kvardagen ei stund. Vi har lagt alt til rette for at du skal få ei real, sanseleg oppleving.

    Hjarteleg velkomen til den gode stunda!

    6216 Geiranger, Norway, +47 70 26 83 00, geiranger@hotelunion.no, Kontakt oss

    Gåvekort 

    Gåvekort

    Konferanse 

    Konferanse

    Rom på Union 

    Rom på Union

    Standard N

    Standard

    Rom med fjordutsikt 

    Rom med fjordutsikt