• language

  • Developed by Eyego

    Natur

    Turstiar
    Geiranger har mange flotte turstiar, fleire av dei med utgangspunkt frå hotelldøra. Her er det berre å snøre turstøvlane og legge avgarde. Spør gjerne i resepsjonen, om du ynskjer turforslag, kart, eller treng informasjon om vanskegrad og tidsbruk.

    Ski- og joggeløyper
    Området rundt hotellet byr på rike tur- og treningsmogelegheiter. Innanfor ein avstand på 15 min med bil, når du fleire godt preparerte skiløyper. I nærmiljøet er det gode forhold for joggeturar, både i terreng og langs vegen.

    Fjellvandring og toppturar
    Du kan vandre på vakre stiar, som smyg seg oppetter bratte lier, og tek deg inn i eit eineståande kulturlandskap. Gamle fjellgardar, innmark og utmark, fortel ei historie om slit og strev, men også om eit godt liv, med frodig beite og fantastiske utsikter. Høgt over fjorden lokkar snaufjellet, med flott skiterreng og stolte tindar. Spør oss om ruter, kart og merka løyper.

    Rattkjelkekøyring
    Vinteren i Geiranger er ei roleg tid. Turistane er færre, og vegen opp til Flydalsjuvet er praktisk talt utan bilar. Dette gjev ei perfekt ramme for rattkjelkekøyring! Her kan du pirre konkurranseinstinktet, eller berre nyte den sitrande gleda og den flotte turen. Ei stor oppleving ventar både små og store.

    Fleire aktivitetar
    Det finst mange andre tilbod i Geiranger og området rundt. Båtutleige, kaiakkpadling, fjordfiske, klatring, rafting og mykje meir. Ta kontakt med oss og fortel kva du ynskjer å oppleve. Vi kan hjelpe deg med kontaktar, bestilling eller vi kan arrangere aktivitetane for deg eller gruppa di.

    BESTILL ROM 

    6216 Geiranger, Norway, +47 70 26 83 00, geiranger@hotelunion.no, Kontakt oss

    Gåvekort 

    Gåvekort

    Konferanse 

    Konferanse

    Rom på Union 

    Rom på Union

    Standard N

    Standard

    Rom med fjordutsikt 

    Rom med fjordutsikt