Kontakt – Info – Kart – Hotel Union Geiranger
  • language

  • Developed by Eyego

    Geiranger

    Geiranger tilhøyrer Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, som vart innskrive på verdsarvlista til UNESCO i 2005. Fjordlandskapet er storslått, vilt og vakkert, og på hotellet har du naturen rundt deg heile tida.

    Om sommaren myldrar det av liv i turistbygda. Cruisskipa fyller fjorden og besøkjande frå heile verda prisar den fantastiske naturen. I sentrum finn du fleire spennande butikkar, kafear og attraksjonar:

     

    Du kan finne att inspirasjonen frå Geiranger i alle tilboda våre, i alt frå maten vi serverer til interiøret, aktivitetane og dei unike tilboda i Union Bad & Spa. Ta deg god tid til å nyte og oppleve det unike landskapet og den gode stunda medan du er her.

    Hotel Union vart bygt i 1891, av Ålesundaren A Shieldrop. Bygget var opphaveleg i tre, med inspirasjon frå dragestilen eller sveitserstilen, i nær slekt med Art Nouveau og Jugend, og identisk med trehotellet på Øye. Her kan du lese meir om historia til hotellet

    Romma og suitane er innreidde med omtanke og varme. Sjølv om fjordutsikta vår er den mest kjende, er også fjella, fossane og dei bratte liene bergtakande – på kvar sitt vis – året rundt. Den mektige naturen får du inn i rommet, nesten uansett.

    Alle rom har bad/dusj, telefon, minibar, badekåpe, tøflar, TV og trådlaust internett.

    ROM PÅ HOTEL UNION

    6216 Geiranger, Norway, +47 70 26 83 00, geiranger@hotelunion.no, Kontakt oss

    Gåvekort 

    Gåvekort

    Konferanse 

    Konferanse

    Rom på Union 

    Rom på Union

    Standard N

    Standard

    Rom med fjordutsikt 

    Rom med fjordutsikt