Vinterstemning
  • language

  • Developed by Eyego

    Historia til Hotel Union Geiranger

    Trehotell

    Hotel Union vart bygt i 1891, av Ålesundaren A Shieldrop. Bygget var opphaveleg i tre, med inspirasjon frå dragestilen eller sveitserstilen, i nær slekt med Art Nouveau og Jugend, og identisk med trehotellet på Øye.

    Mjelvafamilien

    Julie og Karl Mjelva kjøpte Hotel Union Geiranger i 1899. Den driftige familien starta også bilfabrikk, kraftverk og komfyrfabrikk på staden.

    Komfyrfabrikken eksisterer i dag, men med ny eigar.

    Bilane

    Mange av bilane som vart nytta for å vise turistane naturen på 1920- og 1930-talet, er det framleis mogleg å køyre med. Ti av dei finst i dagens veteranbilsamling, og alle har ei historie å fortelje. Bilane vert framleis leigde ut med sjåfør, og køyrer gjerne brurepar til kyrkja, hentar gjestene våre i hamna eller køyrer rundturar i Geiranger.

    Nybygg

    Hotel Union er utvida og ombygd fleire gongar. Det som sto igjen av trehotellet, vart fjerna i 1979. Dette var naudsynt for å møte kravet frå internasjonale gjester.

    Hotellet er seinare utvida, med ei moderne kurs- og konferanseavdeling, symjehall, ny toppetasje med 13 suitar, veteranbilutstilling, nattklubb, spa-avdeling og stadig nye tilbod inne og ute.

    Union-atmosfæren

    Den sterke Union-atmosfæren, med kvalitet og service i generasjonar, er vidareført med Monja og Sindre Mjelva som vertskap. Dei er i dag vertskap i fjerde hotellgenerasjon.

     

    HISTORISK VANDRINGVETERANBILGARASJEN – OVERNATTING

    6216 Geiranger, Norway, +47 70 26 83 00, geiranger@hotelunion.no, Kontakt oss

    Gåvekort 

    Gåvekort

    Konferanse 

    Konferanse

    Rom på Union 

    Rom på Union

    Standard N

    Standard

    Rom med fjordutsikt 

    Rom med fjordutsikt