Vinterstemning
  • language

  • Developed by Eyego

    Familieopphald

    Skap dei gode minna – for deg og familien

    4XB: BARNEBASSENG – BARNEBUFFÉ – BARNEDISKO – BARNEKLUBB
    Vi gjer ekstra stas på dei yngste i vinterferien, påskeferien og haustferien. Union Bad har herlege fasilitetar for familien, med heile 34° i vatnet, både i barnebassenget og utebassenget. Symjebassenget har 32°. Restaurant Fjorden tilbyr freistande barnebuffé, med populære retter for dei yngste. På barnedisko har vi det gøy med full musikk, dans, leik og latter! Union barneklubb har mange kjekke aktivitetar for dei yngste. Gle deg til nye vener og mykje moro!

    AKTIVITET OG AVKOPLING
    Fasilitetane på hotellet lokkar til både aktivitet og kvile, og naturen rundt hotellet er fantastisk. Nyt det gode måltidet, roa og dei frydefulle augneblinkane saman med dine nære og kjære. Hotel Union har eiga skytebane, biljard og bordtennisbord. Leikeromet finn du like ved Kafe Løsta og Union Spa.

    UNION SPA – EI STUND AV LUKKE
    I spaavdelinga kan du nyte litt velfortent tid for deg sjølv. Medan resten av familien er oppteken med andre aktivitetar, er du tett på fjella og fjorden, med store vindauge mot verdsarvnaturen og spaopplevingar inspirert av det reine, friske og storslegne. Ta på deg badekåpa og nyt den gode stunda!

    Bestilling

    Tlf. 70 26 83 00
    booking@hotelunion.no

    6216 Geiranger, Norway, +47 70 26 83 00, geiranger@hotelunion.no, Kontakt oss

    Gåvekort 

    Gåvekort

    Konferanse 

    Konferanse

    Rom på Union 

    Rom på Union

    Standard N

    Standard

    Rom med fjordutsikt 

    Rom med fjordutsikt