Geirangerfjorden
  • language

  • Developed by Eyego

    Innandørs aktivitetstilbod

    For deg som ynskjer å vere aktiv innandørs, kan vi tilby eit godt utstyrt trimrom, skytebane og symjebasseng. For borna er leikeland ein sjølvsagt møtestad, og i Union Bad har vi eiga barneavdeling, som innbyr til frydefull leik.

    Unn deg ei unik spaoppleving. I spa-avdelinga ventar gode stunder, og vi lovar at du vert påverka av dei stille og vakre omgjevnadene. La lyset, vatnet, naturen og temperaturen sleppe til.

    Hotel Union Geiranger har fleire restaurantar og barar. Vi har hyggelege bord for to, og vi dekker gjerne opp for det intime selskapet. I den store restauranten er det plass til 400 gjester, og vi kan dekke til bankett for 500.

    Veteranbilgarasjen er også vel verdt eit besøk. Her får du innblikk i historia til turistbygda Geiranger, med fokus på bilen. Ei museumsoppleving for mange sansar og eit eldorado for bilentusiastar.

    BESTILL ROM

    6216 Geiranger, Norway, +47 70 26 83 00, geiranger@hotelunion.no, Kontakt oss

    Gåvekort 

    Gåvekort

    Konferanse 

    Konferanse

    Rom på Union 

    Rom på Union

    Standard N

    Standard

    Rom med fjordutsikt 

    Rom med fjordutsikt