NO EN

Om sommaren er himmelen krystallblå, graset er grønare enn nokon gong, og du kan avdekke nye eventyr kvar enn du går. Utkikkspunkta i Geiranger vil tilfredsstille auga dine for ei livstid. Du kan for eksempel køyre opp til Geiranger Skywalk, 1500 meter over havet, og sjå Europa si høgaste fjordutsikt frå vegen. Dei meir eventyrlystne kan leige kajakk i Geirangerfjorden og utforske dei unike gardane oppe på fjellhyllene. 

Når du har utforska Geiranger, er det tid for å finne roa hjå Union Spa. Kjenn at det som var stress, muskelknutar og krevjande tankar slepp taket. Opplev dusjane og det japanske varmebadet, før du set deg godt til rette i relax-avdelinga. Kroppen er roleg og pusten går heilt ned i magen. Du er lett til sinns og kroppen gir seg hen til å slappe av. 

Frå kr 1090,-
Prisen gjeld per person, per døgn i std. dobbeltrom, inkl. frukost og inngang Union Bad & Spa. 

Spabehandlingar 

Vi tilbyr eit stort utval behandlingar for ansikt og kropp, i tillegg til fleire ulike spesialbehandlingar. Les meir om behandlingane vi tilbyr.