NO EN

Konferanselokala våre passar alt frå konferansar, kongressar og kurs til feiringar, utstillingar og intime selskap. Som arrangør vert du teken godt vare på. Du får ein kontaktperson som tek hand om den praktiske førebuinga – frå planlegging av transport, overnatting og meny til tilrettelegging av tekniske løysingar, opplevingar og velvere. 

Under sjølve arrangementet vil ein konferansevert alltid vere i nærleiken, og i businessenteret finn du alle naudsynte kontorfasilitetar. Vi har sjølvsagt fibernett og 4G.


Konferansepakke aktiv frå kr 1755,-*
Inkl. fullpensjon, møterom dag ein og to, gratis trådlaust Internett, kaffi tilgjengeleg, kake dag ein og to, gratis parkering, ein valfri aktivitet (Nordic Walking, spa, vinsmaking, kønnjøl og neip eller guida fottur. Kan variere med sesong). Inkl. nonsmat**


Konferansepakke økonomi frå kr 1495,-*
Inkl. fullpensjon, møterom dag ein og to, gratis trådlaust Internett, kaffi tilgjengeleg, lett servering dag ein og to, gratis parkering.


Konferansepakke Union frå kr 1595,-*
Inkl. fullpensjon, møterom dag ein og to, gratis trådlaust Internett, kaffi tilgjengeleg, kake dag ein og to, gratis parkering. Inkl. nonsmat**

Konferansepakke business frå kr 1955,-
Inkl. oppgradert hotellrom, fullpensjon, møterom dag ein og to, gratis trådlaust nettverk og VIP-oppsett.

Konferansepakke Gourmet frå kr 3500,-
Inkl. oppgradert hotellrom, fullpensjon med gourmet mat- og vinoppleving i Mollaløa, møterom dag ein og to, gratis trådlaust nettverk og VIP-oppsett.

Alle prisane gjeld per person i standard enkeltrom per døgn, midtveke.
*Gjeld i kampanjeperiodar
**Gjeld januar–mars