NO EN

Fortel oss om føremålet med arrangementet ditt, så hjelper vi deg å setje saman ei komplett og vellukka konferanseoppleving. Vi har lang erfaring som arrangør, og tilbyr ulike konferansepakkar etter behov. Du får ein kontaktperson som tek hand om den praktiske førebuinga - frå planlegging av transport, overnatting og meny til tilrettelegging av tekniske løysingar, opplevingar og velvære. Under sjølve arrangementet vil ein konferansevert alltid vere i nærleiken, og i businessenteret finn du alle naudsynte kontorfasilitetar. Som arrangør vert du teken godt vare på.

Utandørs kan du nyte verdsarvnaturen, og innandørs kan du kjenne på den varme atmosfæren; unne deg ei velgjerande spa-behandling enten åleine eller med kolleger, lære om vinar eller nyte den gode stunda framfor peisen i lobbyen. 

Vel de å halde konferansen hjå oss vil de oppleve ein samlande tur for følget. Vi har både store og mindre konferanselokaler. I lobbyen er det rom for den uformelle praten. Du finn små, rolege hjørne eller pulserande liv, om du vil ha det. Kjøkenet sørgjer for spennande mat og vin frå vår eigen vinkjellar. Når kvelden kjem har vi dekka bord og er klare for å ta dykk i mot. 

Frå kr 1790,-
Per person, per døgn, i enkelt standard rom, inkl. fullpensjon, nonsmat og inngang Union Bad & Spa.

Kortreist nonsmat
Den tradisjonsrike sunnmørske nonsmaten vår har blitt svært godt teken i mot. Dette er eit godt lite ettermiddagsmåltid med blant anna heimebaka brød, nykokt kaffi, heimelaga syltety og litt søtmat.

Avkopling i Spa
Ta ei velfortent pause etter konferansen. I spaet har du tilgang til 1500 kvm velvære med innan- og utandørsbasseng, saunaområde med badstuer, saunarituale, fotbad og boblebad, relaxavdeling med ulike stuer, servering av frukt, kaffi og te. Du kan også finne deg ei velgjerande spa-behandling.