NO EN

Velkomen til ein hyggeleg haustferie i Geiranger.
Vi har symjebasseng og utandørs terapibasseng, og du kan velje mellom mange gode spabehandlingar. Bli med på fottur med guide, vinkurs, leig elbil, besøk Norsk Fjordsenter, Geiranger Sjokolade eller kunstgalleriet i Geiranger. Det går også an å leige kajakkar, elsyklar og ta sightseeingbåten. 

På hotellet serverer vi god mat, og til barna har vi sjølvsagt barnebuffé. Barna kan vere med på barneunderhaldning med Robin, bade i barnebassenget og på kvelden er det sjølvsagt barnedisco. 


Familiepakkepris frå kr 2750,-
Per døgn. To vaksne og to barn i standard dobbeltrom, inkl. middag, frukost, inngang Union Bad, og aktivitetar for barna.